-
Ganglaje
Ganglaje går turar onsdagar vår og haust.
Fikseloftet
Syverkstad for alle som vil reparere, redesigne eller sy noko til seg sjølv eller andre.Er du opptatt av kle, reparasjon og miljø? Har du klede i skapet som aldri blir brukt eller plagg som er slitte, holete eller manglar ein knapp? Kom innom Fikseloftet!
Våren 2026 er det Fikseloftet tysdagar i partalveker kl. 18-20 på Frekhaug frivilligsentral.
På Fikseloftet hjelper vi deg med gode tips og rettleiing sånn at du kan reparere det som er ødelagt. Flinke folk frå Nordhordland husflidlag og frivillige kan hjelpe det.
Fikseloftet er ope for alle, uansett ferdigheitsnivå.
Ta med deg plagg du ønskjer å reparere, så viser vi deg korleis. Det aller meste kan fiksast og ofte er det ikkje så mykje som skal til. Ønskjer du å sy om klesplagg, eller hjelp til å sy noko nytt - gjer vi så godt vi kan med tips, og kanskje møter du andre som er flinke til å sy.
Vi har 5 symaskiner til disposisjon, men du kan også ta med di eiga om du heller vil det.
Arrangør: Nordhordland husflidslag, frivillige og Alver frivilligsentralar
Del på:
-
Onsdagstreff
Møteplass for seniormenn.
-
Spikking & kaffi
Velkomen til Spikking!
-
Språkverkstad
Vil du vere frivillig på Språkverkstaden?
-
Stikk innom
Stikk innom Frivilligstova på Frekhaug frivilligsentral for ein kopp kaffi, noko å bita i og ein god prat. Kvar fredag klokka 11.30 - 13.30.