Flyktningfadder

Vil du vere Flyktningfadder?
Frivilligsentralane i Alver kommune har sett i gong fadderordning for flyktningar denne hausten.


Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet.  

Den frivillige flyktningfadderen vil bli satt saman med ein flyktning eller flyktningfamilie, og vil fungere som ei støtte for dei i tida etter innflytting. Vi forsøker å ta hensyn til interesser, alder, og kvar de bur.  


Oppdraget som frivillig flyktningfadder går ut på å vise dei rundt i nærområdet, introdusere dei for lokale aktivitetar, lag og organisasjonar,  samt dele av eigen kunnskap om norsk kultur og levesett. Døme på andre aktuelle aktivitar kan vere å invitere på besøk, gå tur saman,  eller hjelp med praktiske ting. Fadderordninga varer i utgangspunktet i tre månader, og vi avtaler med deg kor mykje tid du vil sette av.  


Ønskjer du å bli flyktningfadder eller har du spørsmål? 


Ta kontakt med Frivilligsentralane ved: 
Veslemøy Maria Svartdal på telefon 453 16 624 eller Marit Hellestveit på 462 84 258 
Eller send ein E-post til flyktningfadder@alver.kommune.no
2024 © Frekhaug frivilligsentral