Språkverkstad

Vil du vere frivillig på Språkverkstaden?

Aldersgruppe: For alle

Kan du norsk? Er du ledig på dagtid og liker å snakke med folk?

Då er Språkvekstaden for flyktningar den rette aktiviteten for deg 😊


Språkverkstaden for flyktningar held til på gamle Knarvik barneskule, og har ope frå 10:00 til 14:00 frå måndag til fredag. Formålet med Språkverkstaden er å vere eit supplement til språkundervisninga som flyktningane allereie deltek i i regi av Alver vaksenopplæring.


På språkverkstaden får flyktningar praktisere norsk språk i ein trygg og vennleg atmosfære.  Flyktningar og språkvertar blir delte inn i grupper basert på interesse, og gjennom felles aktivitetar er målet å utvikle språkferdigheitene til flyktningane.


Aktivitetene Språkverkstedet tilbyr er:

  • Handarbeidsgruppe
  • Turgruppe
  • Spelgruppe    


Som språkvert er det ikkje forventa at du har tidlegare erfaring med språkundervisning eller kjennskap til grammatiske reglar.  Språkverkstaden følgjer ingen læreplan eller undervisningsopplegg, og det einaste du treng er tid og interesse for menneske.


Flyktingane som deltek på Språkvekstaden er frå ulike land og har ulik kjennskap til norsk språk. Nokon kan halde ein samtale på norsk, medan andre berre kan nokre få ord. Brorparten er frå Ukraina, men vi har også deltakarar frå andre land. Gjennom å delta i praktiske aktivitetar er målet at alle flyktningar - uansett bakgrunn og opphavsland - kan forbetre norskferdigheitene sine og oppleve meistring.  


Som språkvert er oppgåva di å vere ein samtalepartnar for flyktningane, delta i aktivitetsgruppene saman men dei, og skape ein koseleg og inkluderande atmosfære som gir flyktningane lyst til å lære. Språkverkstaden kan ikkje fungere utan frivillige, og for flyktningane vil du vera ein viktig rerssurs som gjer vegen inn i det norske samfunnet litt lettare.  


Frivillige på Språkvekstaden må forplikte seg til å vere språkvertar minst to timar i veka. Mange av språkvertane våre deltek oftare enn det, men det er heilt opp til den enkelte frivillige, og kor mykje ledig tid ho eller han har.  


Så har du lyst til å vere nokon koselege timar på Språkverkstedet, og samtidig hjelpe flyktningar integrere seg i nærområdet ditt? Liker du å strikke eller gå tur? Vil du bli med eit i positivt og inkluderande fellesskap? Eller har du kanskje forslag til ei gruppe Språkverkstedet burde opprette?


Ta kontakt med Frivilligsentralane ved:

Veslemøy Maria Svartdal på telefon 453 16 624 

eller Marit Hellestveit på 462 84 258

Eller send oss ein E-post på:

veslemoy.maria.svartdal@alver.kommune.no  


marit.hellestveit@alver.kommune.no  

2024 © Frekhaug frivilligsentral