-
Stikk innom
Stikk innom Frivilligstova på Frekhaug frivilligsentral for ein kopp kaffi, noko å bita i og ein god prat.
Fikseloftet
Syverkstad for alle som vil reparere, redesigne eller sy noko til seg sjølv eller andre!Er du opptatt av kle, reparasjon og miljø?
Har du klede i skapet som aldri blir brukt eller plagg som er slitte, holete eller manglar ein knapp?
Kom innom Fikseloftet!
På Fikseloftet hjelper vi deg med gode tips, veiledning og utstyr, slik at du kan reparere det som er ødelagt. Flinke folk frå Nordhordland husflidlag vil veilede deg.
Fikseloftet er åpent for alle, uansett ferdigheitsnivå.
Ta med deg plagg du ønskjer å reparere, så viser vi deg korleis. Det aller meste kan fiksast og ofte er det ikkje så mykje som skal til!
Ønskjer du å sy om klesplagg, eller hjelp til å sy noko nytt - gjer vi så godt vi kan med tips, og kanskje møter du andre som er flinke til å sy.
Vi har 4 symaskiner til disposisjon, men du kan også ta med di eiga!
Bli med å gjera ein forskjell! Forny garderoben på ein miljøvenleg måte og spar miljøet heilt gratis/
Arrangør: Nordhordland husflidlag og Frekhaug frivilligsentral
Del på:
-
Kulturprogram i Alver
Kvar månad kjem det eit program som synar opne aktivitetar og arrangement i regi av kulturtenestene i Alver kommune.
-
Vårprogram 2026 for Ganglaje
Vårprogrammet for turgruppa Ganglaje er klart
-
Kulturprogram oktober
Sjå kva som skjer i kommunen i regi av kulturavdelinga no i oktober.
-
Ledig stilling i Frivilligsentralane
Vi har ledig stilling i frivilligsentralane i Alver. Det er ei eittårig prosjektstilling med fokus på integrering og frivilligheit. Les meir her, og ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål!