-
Påmelding open for Låtskrivingskurs!
Bli med på låtskrivingskurs over to dagar med artist, låtskriver og musikkprodusent Jarle Skavhellen!
Innsamling og utdeling av kle og utstyr til flyktningar
Frivilligsentralane i Alver har sidan mars 2022 hatt innsamling og utdeling av kle og utstyr til nyankomne flyktningar. Dette vert no avvikla, og dette er siste veka med opent lokale.Alverhjelpen 365 vil overta det vi har til overs av kle og utstyr, og heretter vil dei som treng kle og utstyr kunne få det hjå dei. Dei har opent kvar måndag, onsdag og fredag frå 10-17. Du finn dei rett over vegen for Kiwi i Knarvik, i Kvassnesvegen 5. Innkøyring er for tida ned via rundkjøringa ved Hageland, til venstre forbi Rema 1000, til du kjem til Kiwi. Parkeringsplass på venstre side av vegen. Vi ber om at de ikkje nyttar Kiwi si kundeparkering.
Vi rettar ei stor takk til dei frivillige som har vore med å drive dette tilbodet saman med oss! Likeså må vi takke alle som har donert kle og utstyr. Dette tilbodet hadde ikkje vore mogleg utan dykk! :)
Del på:
-
Søknadsskriving og tilskotsordningar
Alver Frivilligsentralar inviterar lag og organisasjonar til ei arbeidsøkt med søknadsskriving for tilskotsordningar torsdag 15.februar.
-
Ledig stilling i Frivilligsentralane
Vi har ledig stilling i Frivilligsentralane i Alver! Å jobbe i frivilligsentralane er ein variert og spennande kvardag. Klikk deg inn på stillingsannonsa her!
-
Sistehjelpskurs (fullt)
Sistehjelp - eit kurs om støtte i livets sluttfase
-
Fikseloftet oppstart 23.januar
Syverkstad for alle som vil reparere, redesigne eller sy noko til seg sjølv eller andre.