Julegåveaksjonen i Alver

Frivilligsentralane i Alver arrangerer saman med Nordhordland Røde Kors Omsorg årets Julegåveaksjon. Denne aksjonen er etter kvart blitt ein tradisjon og arrangerast for 6.året i år. Julegåveaksjonen hjelper barnefamiliar med gåver og matkasser.

Julegåveaksjonen vart starta av Frekhaug Frivilligsentral i 2015, og etter kvart vart Nordhordland Røde Kors ein sentral medspelar.Jula 2019 vart aksjonen utvida til å gjelde alle innbyggjarar i Alver. Aksjonen rettar seg mot familiar med born i alderen 0-20 år, og dei som treng hjelp kan melde seg på via digitalt skjema HER

Du kan og sende melde deg på ved å sende mail til: julegave.nhrk@gmail.com eller ring 406 42 099 / 481 97 242. Viss du sender mail, hugs å oppgje: barnets alder, kjønn, om du vil hente sjølv, eller vi leverer til deg. I såfall må du oppgje adresse.

Det er ingen særskilde krav for å kunne be om støtte, og vi ber ikkje om tilleggsopplysningar om livssituasjon eller økonomi. Gåvene og maten kan hentast ut på Frekhaug eller du kan få det levert på døra. 

Dersom du ønsker å bidra til Julegåveaksjonen kan du gjere det på to måtar: 

  • Kjøp ei julegåve og legg den under eitt av juletrea som er utplasserte i Alver: MaxFitness på Frekhaug, Lindås Senter, Knarvik Senter v/Norli, kommunehuset på Manger, biblioteket på Manger eller på Ostereidet kro. Du kan pakke inn og merke med  kjønn og alder om du vil, men du kan og berre leggje det du har kjøpt under treet utan innpakning. Frist for innlevering er 16.desember
  • Gje ei pengegåve på Vipps, dette går til å kjøpe inn mat og gåver til Julegåveaksjonen. Vippsnummer 128462 eller ' Røde Kors Nordhordland' . 


Vi takkar for alle som engasjerer seg for ei god jul for alle!

2024 © Frekhaug frivilligsentral