-
Påmelding open for Låtskrivingskurs!
Bli med på låtskrivingskurs over to dagar med artist, låtskriver og musikkprodusent Jarle Skavhellen!
Julegåveaksjonen i Alver 2022
Saman med Nordhordland Røde Kors arrangerer Frekhaug og Manger frivilligsentral no årets Julegåveaksjon. Denne aksjonen er etter kvart blitt ein tradisjon og arrangerast for 7.året i år. Julegåveaksjonen hjelper til med matkasse og julegåver til dei som slit med å få endane til å møtest til jul. Julegåveaksjonen vart starta av Frekhaug Frivilligsentral i 2015, og etter kvart vart Nordhordland Røde Kors ein sentral medspelar. Jula 2019 vart aksjonen utvida til å gjelde alle innbyggjarar i Alver. Under finn du informasjon om korleis du kan gje eller få hjelp til jul under årets aksjon.Treng du hjelp til jul?
Meir informasjon om hjelp til jul, samt påmeldingskjema finn du ved å følge denne linken. I dei fleste nettlesarar vil du kunne omsetje søknadsskjemaet til ei rekkje språk, sjå etter dette ikonet øvst til høgre:
Det er ingen særskilde krav for å kunne be om støtte, og vi ber ikkje om tilleggsopplysningar om livssituasjon eller økonomi. Dersom pågangen vert for stor barnefamiliar vil ha høgast prioritet, men alle som treng hjelp kan sende inn påmelding. Vi presiserer at hjelp til julegåver kun gjeld for foreldre som treng hjelp til julegåver for barn t.o.m 18 år. Påmeldingsfristen er 12.desember, og du får svar seinast 14.desember.
Vil du hjelpe andre til jul?
Dersom du ønsker å bidra til Julegåveaksjonen kan du gjere det på tre måtar:
- Kjøp ei julegåve og legg den under eitt av juletrea som er utplasserte i Alver:
- MaxFitness på Frekhaug
- Lindås Senter
- Knarvik Senter v/Norli
- Kommunehuset på Manger
- Biblioteket på Manger
- Ostereidet kro.
Du kan pakke inn og merke med kjønn og alder om du vil, men du kan og berre leggje det du har kjøpt under treet utan innpakning. Vi får veldig mange presangar i aldersgruppa 0-5 år, og oftast få til tenåringar – så ta gjerne hensyn til dette. Frist for innlevering av gåver er 16.desember.
- Gje ei pengegåve på Vipps, dette går til å kjøpe inn mat og gåver til Julegåveaksjonen. Vippsnummer 128462 eller ' Røde Kors Nordhordland' . Merk med ‘jul’.
- Gje ei pengegåve til Nordhordland Røde Kors sin spleis ‘Julegaveaksjonen’.
Vi takkar for alle som engasjerer seg for ei god jul for alle!
Del på:
-
Søknadsskriving og tilskotsordningar
Alver Frivilligsentralar inviterar lag og organisasjonar til ei arbeidsøkt med søknadsskriving for tilskotsordningar torsdag 15.februar.
-
Ledig stilling i Frivilligsentralane
Vi har ledig stilling i Frivilligsentralane i Alver! Å jobbe i frivilligsentralane er ein variert og spennande kvardag. Klikk deg inn på stillingsannonsa her!
-
Sistehjelpskurs (fullt)
Sistehjelp - eit kurs om støtte i livets sluttfase
-
Fikseloftet oppstart 23.januar
Syverkstad for alle som vil reparere, redesigne eller sy noko til seg sjølv eller andre.