Må du halde deg heime på grunn av koronaviruset og treng hjelp til varehandel- og levering?

Frivilligsentralane i Austrheim og Alver, saman med Nordhordland Røde Kors og lokale sanitetsforeiningar går saman og er klare til å bistå.

Vi hjelper deg med daglegvarer, apotekvarer og andre naudsynte leveringar.

Ikkje ta kontakt om du har andre personar som kan hjelpe deg med desse oppgåvene.

Trykk her for å fylle ut det digitale skjemaet vårt.

Du kan også ta kontakt med oss på e-post hjelpeinnsats@alver.kommune.no og telefon 56 17 10 77. Vi svarar på telefonen måndag til fredag mellom klokka 11.00 og 15.00.

Når du tar kontakt med oss på e-post, pass på at du får med namn, adresse, telefonnummer og kva du treng hjelp til.

2020 © Frekhaug frivilligsentral