Møtestad Frivilligloftet

På Frivilligloftet på Frekhaug er det mogleg å ha ulike aktivitetar og arrangement. Annankvar tysdag er det ope arrangement for alle på både dagtid og kveldstid og kvar onsdag er det eige møte for menn som er pensjonistar. Det er jamnt med sosiale arrangement som Frekhaug frivilligsentral arrangerar saman med frivillige. Vi ynskjer å ha fleire arrangement her, så berre ta kontakt om du har ein idé for ein aktivitet.

Frivilligloftet ligg sentralt til på Frekhaug, i Havnevegen 45, i andre etasje på den gamle brannstasjonen. Det er eit stort loft med plass til opp til 58 personar. I første etasje heldt BUA til og her kan ein låne utstyr for friluftsliv og andre aktivitetar, 

Frivilligloftet har fine fasilitetar for aktivitetar. Vi har blant anna fem symaskinar, eit stort arbeidsbord med plass til 12 personar, ein sofakrok med bord i midten, ein sløydbenk og no etterkvart ein storskjerm som kan brukast under samlingar. Frivilligloftet er gratis å låne for frivillige lag og organisasjonar. 

Faste treff: 

  • Annankvar tysdag: Bok- og strikkekafé kl. 12-14 og Fikseloftet kl. 18-20. Begge arrangementa er ope for alle. Her kan ein strikke, sy og ta ein kopp kaffi i lag med andre. 
  • Onsdagar: Onsdagstreff kl. 16-18. Treffet er for menn som er pensjonistar. Her kan ein gjer praktiske oppgåver i lag eller slappe av med ein kopp kaffi og snakke med andre. 
  • Éin torsdag i månaden er det Torsdagstreff kl. 18-20 for kvinner mellom 18-100år! Her er det litt program og så er det sosialt med  litt å bite i og kaffi.

Ulike arrangement:

Frivilligloftet har blitt brukt til mange ulike arrangementstypar. Her har det vore taggekurs med profesjonelle kunstnarar, dansetimar i forbinding med framsyninga Fleire fargar, samarbeid med lokale skular i ulike kunstprosjekt og det er jamnt reparasjon av utstyret ein kan låne hjå BUA. 

På baksida av huset er det ein loveleg taggevegg, så ungdommar kan låne maling hjå Frekhaug frivilligsentral og dekorere veggen. Det er god belysning her og lov å tagge etter kl. 16. 

Vidare heldt vi på med å lage til ein flott uteplass på baksida av huset. Her er det ein ny og fin kontainer som frivillige innreier til verkstad som alle kan få bruke. Vi håpar dette kan vere ein stad kor ein kan reparere syklar, lage fuglekassar og vere ein sosial samlingsstad for alle. 

Kontakt oss

Kontakt Stine på frivilligsentralen på mobilnr. 453 24 377, så hjelper vi deg så godt vi kan med å få det til. E-post: frekhaug.frivilligsentral@alver.kommune.no. 

2024 © Frekhaug frivilligsentral