Påmelding open for Låtskrivingskurs!

Bli med på låtskrivingskurs over to dagar med artist, låtskriver og musikkprodusent Jarle Skavhellen!

UKM Nordhordland og Frekhaug Frivilligsentral inviterar til låtskrivingskurs på Meieriet Frekhaug!

Kven: ungdom 13-20år
Kvar: Meieriet Frekhaug
Dag: laurdag 16.03 og sundag 17.03
Klokka: 11.00-16.00 begge dagar

Ein treng ingen forkunnskapar for å delta og arrangementet er gratis, med lunsj.
Begrensa med plassar, så meld deg på!

Påmeldingsfrist er 08.03.2024, og ein melder seg på ved å sende e-post til ungalver@alver.kommune.no.

Sjåast der!

2024 © Frekhaug frivilligsentral