Søknadsskriving og tilskotsordningar

Alver Frivilligsentralar inviterar lag og organisasjonar til ei arbeidsøkt med søknadsskriving for tilskotsordningar torsdag 15.februar.

Frivilligsentralane har god kompetanse om eksisterande søknadsordningar og søknadsskriving, og vi hjelper dykk gjerne! Har de eit prosjekt de treng finansiering til? Lurer de på kvar de kan søke? Korleis skriv ein gode søknadar?

Arbeidsøkta vert to-delt. I del 1 vil vi sjå på kva ein søknad kan innehalde, som til dømes prosjektskildring og budsjett. I del 2 arbeidar ein konkret med søknadar og idéar. Alver Frivilligsentralar vil vere behjelplege med søknadsskriving og spørsmål knytta til ulike tilskotsordningar, og vi kan følgje dykk opp i etterkant om de har behov for det.
Vi håpar mange har moglegheit til å delta! Dette er også ein god sjanse til å knyte kontakter med andre frivillige lag i kommunen!

Tid og stad: Torsdag 15. februar kl. 18-20 hjå Knarvik Frivilligsentral.
Påmeldingsfrist: Søndag 11. februar.
Påmelding per e-post til frekhaug.frivilligsentral@alver.kommune.no.
Arrangementet er gratis og i regi av Alver Frivilligsentralar.

2024 © Frekhaug frivilligsentral